Åse Kristin Ask Bakke (fødd 30. mai1996) er ein norsk politikar frå Harøya i Møre og Romsdal.[1][2] Ho er sidan 2021 stortingsrepesentant for Arbeidarpartiet og Møre og Romsdal. Då ho kom inn på tinget var ho 25 år, og var dermed den yngste representanten med fast plass i perioden 2021–2025.[3]
Bakke er utdanna sjukepleiar og arbeidde i heimesjukepleia i Ålesund.[4][5]
Bakke var varaordførar i dåverande Sandøy kommune frå 2015. 19 år gammal vart ho dermed Noregs yngste varaordførar gjennom tidene.[6] På Stortinget har ho sete i Familie- og kulturkomitéen.[2]