Åsnen | |||
innsjø | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Område | Småland | ||
Utløp | Mörrumsån | ||
Høgd over havet | 138 moh. | ||
Areal | 160 km² | ||
Koordinatar | 56°38′N 14°44′E / 56.633°N 14.733°E | ||
Åsnen 56°38′00″N 14°44′00″E / 56.633333333333°N 14.733333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Åsnen |
Åsnen er ein stor innsjø sør i Småland i Sverige, med ein storleik på kring 150 km². Elva Mörrumsån renn sørover frå Åsnen til Austersjøen. Innsjøen ligg sør for Alvesta og Växjö og nordvest for Tingsryd og er den nest største innsjøen i Småland, etter Bolmen. Om lag 19 km&suf2; av innsjøen består av små øyar. Åsnen har mange små bukter og øyar, og den største av øyane er Sirkön.
Frukt (hovudsakleg eple og jordbær) vert dyrka på sørsida av innsjøen, inkludert på Sirkön.
Åsnen er velkjend for det rike fiskelivet, og er ein populær stad for fritidsfiskarar. Den vanlegaste fisketypen er gjørs , gjedde, åbor og ål.
Innsjøen er òg populær for båtfart og kanopadling, og det er fleire campingplassar langs breidda.