Åssiden Idrettsforening

Åssiden Idrettsforening er eit idrettslag i Drammen, stifta i 1937. Laget har i kring 1600 medlemer og er aktivt med i fotball og handball. Fotballaget spelar heimekampane på Åssidenbanen i nordvestre del av Drammen. Laget spelar i blå- og kvitstripete trøyer, kvite bukser og blå strømper.

Herrelaget i fotball spelar i 3. divisjon (2025).

Åssiden IF knytte seg til Arbeidernes Idrettsforbund då laget vart skipa. Fram til 1951 høyrde bydelen Åssiden til Lier kommune, men vart då overført til Drammen kommune. Eit kunststoffdekke vart teke i bruk i Åssida i 2007.

Laget har oftast delteke på tredje og fjerde nivå i norsk fotball. I 1993-sesongen fekk Åssiden IF måle krefter mot norske fotballag på 2. nivå (1. divisjon) i seriesystemet, mellom andre Vålerenga IF og byrivalen Strømsgodset IF. Dei to nemnde klubbane rykte opp i toppserien, medan Åssiden IF enda på tiandeplass av dei 12 laga i A-avdelinga og rykte ned.