«Øve os på hinanden» Song av Fyr & Flamme | ||
Land | Danmark | |
Språk | Dansk | |
Utgjeve | 10. februar 2021 | |
Sjanger | Pop, synth | |
Lengd | 03:06 | |
Selskap | Universal | |
Låtskrivar(ar) | Laurits Emanuel Pedersen, Rune Borup |
---|
«Øve os på hinanden» (norsk 'øva oss på kvarandre') er ein dansk synthpoplåt frå 2021 med duoen Fyr & Flamme. Han vann Dansk Melodi Grand Prix 2021 og var det danske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Låten var det første danskspråklege Eurovision-bidraget på 24 år.
«Øve os på hinanden» er komponert av Laurits Emanuel, som utgjer den eine halvdelen av Fyr & Flamme. Songaren og skodespelaren Jesper Groth utgjer den andre halvdelen av duoen. Songen vart utgjeven på Universal 10. februar 2021 og var eitt av åtte bidrag i Dansk Melodi Grand Prix 2021 laurdag 6. mars i DR Byen i København.[1][2] Songen vann til slutt finalen med 37 prosent av røystene og vart det danske bidraget i Eurovision Song Contest 2021.[3]
Låten er ein 1980-talsinspirert poplåt med bruk av el-trommer og synth. Ifølgje duoen handlar «Øve os på hinanden» om å freista å tilgje kvarandre når ein gjer feil. Songen finn stad på eit dansegolv, der ein mann og ei kvinne må prøve seg fram for å sjå kva for trinn som fungerer.[4] Ifølgje duoen kan denne scena brukast som eit bilete på korleis ein oppfører seg når ein skal imponere ein annan, eller korleis ein enkelte gonger må justera kursen i livet når ting ikkje går som planlagd.[4][5]
«Øve os på hinanden» var det danske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Nederland. Han deltok i den andre semifinalen torsdag 20. mai i Rotterdam Ahoy. Songen fekk 89 poeng og enda på ellevteplass i semifinalen og kvalifiserte ikkje seg til finalen laurdag 22. mai.[6]
Songen var det første danskspråklege Eurovision-bidraget på 24 år, og det var fyrste gong Danmark opptredde på dansk etter at språkkravet i Eurovision Song Contest vart fjerna i 1999. Førre gongen Danmark opptredde på dansk, var med Kølig Kaj og «Stemmen i mit liv» i 1997. Duoen forklarte at songen var skriven etter «visse skandinaviske tradisjonar, og eg kan ikkje fatta korleis vi skal kunne omsetje han i det heile. Så vi held oss til dansk.»[7]
Liste (2021) | Høgaste
plassering |
---|---|
Danmark (Hitlisten)[8] | 1 |
Region | Dato | Format | Merke | Ref. |
---|---|---|---|---|
Diverse | 10. februar 2021 | Digital nedlasting, strøyming | Universal Music | [2] |