Øya Bujan

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bujan.
Bujan av Ivan Bilibin

Bujan (russisk Буя́н[1]) er ei mystisk øy i russisk folkeminne som ligg i havet og kan forsvinna og dukka opp att ved hjelp av tidvatnet. Ho er skildra i Dueboka og andre russiske mellomaldertekstar. Tre brør — Nordavinden, Vestavinden og Austavinden — held til på øya; det same gjer zoryaene, solvesen eller gudinner som er døtrene eller tenarane til solguden Dazhbog.[2]

Den magiske byen Ledenets på øya Bujan. Scenedesign til operaen 'Soga om tsar Saltan' avMikhail Vrubel.

Øya opptrer i fleire kjende soger. Kosjtsjej den udøyeleg oppbevarar sjela eller udøyelegheita si her, gøymd i ei nål inni eit egg i eit mystisk eiketre. Andre soger kallar øya opphavet til alt vêr, skapt der og sendt ut i verda av guden Perun. Ho er også med 'Soga om tsar Saltan', eit eventyr på vers av Aleksandr Pusjkin og seinare ein opera av Nikolaj Rimskij-Korsakov.

  1. Dietrich, Anton (1857). Russian Popular Tales. s. 23. 
  2. Dixon-Kennedy, Mike (1998). Encyclopedia of Russian and Slavic myth and legend. ABC-CLIO. s. 48. ISBN 978-1-57607-130-4.