Aitzkorri | |||
fjell | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Region | Gipuzkoa | ||
Fjellkjede | Baskarfjella | ||
Høgd | 1 551 moh. | ||
Koordinatar | 42°57′08″N 02°19′00″W / 42.95222°N 2.31667°W | ||
Aizkorri 42°57′05″N 2°19′31″W / 42.9513544°N 2.3253425°W | |||
Wikimedia Commons: Aizkorri |
Aitzkorri, Aitzgorri eller Aizkorri er eit fjellmassiv i regionen Baskarland i Spania med ei høgd på 1551 meter over havet. Massivet består av kalkstein og har fleire toppar som strekkjer seg frå nordvest til søraust. Desse er Artzanburu, Andreaitz eller Arbelaitz (1513 moh), Iraule (1511 moh), Aitxuri eller Aketegi (1549 moh) og Aizkorri (1528 moh). Trass i at sistnemnde er noko lågare, er denne toppen det mest populære turmålet. I kvar endre grensar fjella til Biozkornia- og San Adrian-passa. På eine sida grensar Aitzkorri til Aloña, og på den andre sida til Altzania. Jernbanen mellom Madrid og Irun går i fjellsida på nordsida av fjellet.