Al-Ma'bada | |||
المعبدة, Girkê Legê | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Al-Hasakah guvernement | ||
Distrikt | Al-Malikiyah-distriktet | ||
Nahiyah | Al-Malikiyah | ||
Høgd | 470 moh. | ||
Koordinatar | 37°0′59″N 41°57′16″E / 37.01639°N 41.95444°E | ||
Folketal | 15 759 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+3) | ||
![]() Girkê Legê 37°00′59″N 41°57′16″E / 37.01638889°N 41.95444444°E | |||
Al-Ma'bada eller al-Mu'abbadah (arabisk المعبدة, kurdisk Girkê Legê) er ein by i Al-Hasakah guvernement i Syria. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Ma'bada eit folketal på 15 759 i 2004.[1] Dei fleste innbyggjarane er kurdiske, men Ba'athist-partiet under Hafez al-Assad endra namnet på byen til det arabiske al-Ma'bada.[2] Byen ligg 35 km frå den grensa til Irak og 15 km frå grensa til Tyrkia.[3]
Den 24. juli 2012 annonserte PYD at syriske tryggingsstyrkar trekte seg ut av al-Ma'bada. YPG-styrkane tok etter dette kontroll over alle statlege institusjonar[2] og byen er i dag under PYD sin kontroll.[3]