I 1923 drog Quisling tilbake til Kharkov, byen ho budde i, for å vere saman med henne. Under opphaldet i Kharkov gifta han seg med Maria Pasetsjnikova, ho som seinare fekk namnet Maria Quisling. Da Quisling kom tilbake til Noreg med dei to kvinnene vart Voronin omtala som «pleiedotter», og ikkje som kona hans, slik ho tidlegare var omtala.[5] Voronin har sagt at dei vart skilde i 1924, men det finst ingen dokumentasjon på noko offisielt skilsmål.[6][7] Etter at ho forlét Noreg for godt etter opphaldet hjå Quisling-familien, drog ho til Frankrike, og seinare til USA, der ho levde resten av livet.
Seint i livet skreiv ho ei bok om livet sitt saman med Quisling.[8]