Alfred Janson | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. mars 1937 Oslo |
Død | |
Yrke | komponist, pianist, jazzmusikar |
Far | Gunnar Janson |
Ektefelle | Grynet Molvig |
Alfred Janson (fødd 10. mars 1937 i Oslo, død 19. mai 2019) var ein norsk komponist, pianist og trekkspelutøvar. Han voks opp på Tjølling i Vestfold der han budde med familien til han var åtte år gamal. Sidan han var 18 har familien hatt hus på Lahelle i Sandefjord.[1]
Alfred Janson studerte komposisjon under Finn Mortensen og utdanna seg innan musikk både i Darmstadt og ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Han var mest oppteken av jazz i 1950-åra, men frå byrjinga av 60-åra tok han til å komponera meir klassiske verk. Eit vendepunkt var klaverkomposisjonen November 1962. I 1991 var han festspelkomponist ved Festspela i Bergen.
Han var ein politisk markert komponist i 1970-åra, då han m.a. laga ein komposisjon for å minnast det fascistiske kuppet i Chile. Han komponerte eit verk til Arne Treholt ved arrestasjonen hans, og Den Konservative Studenterforening demonstrerte utanfor ved urframføringa.[2] I godt vaksen alder tok Alfred Janson til å spela trekkspel att. "Trekkspel gjer folk lukkelege", seier han og kritiserer dei som meiner trekkspel er eit tarveleg instrument som ikkje er høgverdig nok.[3] På 70-årsdagen hans i 2007 vart det urframføring av det musikalske verket hans, En bibelhistorie. Verket vart utgjeve på plate i 2010, der sonen og skodespelaren Teodor Janson er forteljarstemma medan Oslo Sinfonietta spelar musikken. Janson vann Edvard-prisen for verket i 2008.
«Alfred_Janson» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 27. november 2013.