Alvin Stoller | |||
Fødd | 7. oktober 1925 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York by | ||
Død | 19. oktober 1992 (67 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | trommesett | ||
Verka som | jazzmusikar | ||
Gift med | Mary Hatcher |
Alvin Stoller (7. oktober 1925–19. oktober 1992) var ein amerikansk jazztrommeslagar. Han var fødd i New York City og lærte å spele trommer hos Henry Adler. Han spelte mykje i storband i swing-tida med artistar som Benny Goodman, Tommy Dorsey, Harry James og Charlie Barnet. Han spelte for songarar som Billie Holiday, Mel Tormé og Frank Sinatra på somme av dei store innspelingane deira. Ein kan høyre trommene hans på mange av Ella Fitzgerald sine «Songbook»-innspelingar og spelte med Duke Ellington.
Stoller har òg spelt med Art Tatum, Roy Eldridge, Oscar Peterson, Coleman Hawkins, Ben Webster, Benny Carter, Herb Ellis og Erroll Garner. I 1950-åra flytta Stoller til Los Angeles, der han arbeidde mykje i studio i Hollywood.
Med Georgie Auld
Med Ella Fitzgerald, Louis Armstrong og the Russell Garcia Orchestra