Andreas Aulie | |
Riksadvokat Andreas Aulie på sin faste tilhøyrarplass i Oslo Byrett under Myklesaka 9. mai 1958. Ved sidan av sit ein politilege. | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. november 1897 Oslo |
Død |
17. januar 1990 (92 år) |
Yrke | advokat |
Andreas Aulie på Commons |
Andreas Aulie (fødd 17. november 1897 i Kristiania, daud 17. januar 1990 i Bergen) var ein norsk jurist. Han var riksadvokat i Noreg frå 1946 til 1967. I 1942, under den andre verdskrigen, vart han kalla til London av den norske regjeringa der. Året etter vart han utnemnd til rikspolitisjef for Noreg, med sikte på etterkrigstida.
Aulie vart riksadvokat i 1946, og var det fram til 1967.[1][2] Han sat i benådingsutvalet, og utvalet som vurderte landssvikoppgjeret.
Andreas Aulie vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden og av Vasaordenen. Han var også æresmedlem av Order of the British Empire.[2]
Andreas Aulie var bror til målaren Reidar Aulie (1904-1977).