Andres Lavik | |||
Fødd | 5. desember 1852 | ||
---|---|---|---|
Død | 31. januar 1941 (88 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Barn | Nils Lavik | ||
Alle verv |
|
Andres Johannesson Lavik (5. desember 1852–1941) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Modalen i Hordaland. Nils Lavik var sonen hans, Andreas og Johannes Lavik brørne hans.
Lavik tok over som gardbrukar av farsgarden i Eksingedalen. Han var medlem av heradsstyret i Hosanger frå 1888, i 1910 ordførar i det nye Modalen herad. Lavik var leiande då det var bygt kyrkje i Eksingedalen 1881-83.
Lavik var 1. representant frå Søndre Bergenhus amt i perioden 1898-1900. Han var medlem av protokollkomiteen.