Ane Breivik | |||
| |||
Fødd | 3. juli 1998 (26 år) Bærum kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, jusstudent | ||
Utdanna ved | Nadderud videregående skole UWC Maastricht Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen | ||
Verv | Leiar i Unge Venstre 7. november 2021– | ||
Føregangar | Sondre Hansmark | ||
Verv | 1. nestleiar i Unge Venstre 1. november 2019–7. november 2021 | ||
Føregangar | Kjersti Konstanse Løfors | ||
Etterfylgjar | Timo Nikolaisen | ||
Alle verv |
|
Ane Breivik (fødd 3. juli 1998) er ein norsk politikar for Venstre frå Bærum i Viken. Frå november 2021 til oktober 2024 var ho leiar i Unge Venstre.[1][2][3] Breivik har tidlegare vore nestleiar av Unge Venstre[4] og sentralstyremedlem i ungdomspartiet. Frå februar 2021 var ho Hordaland Venstres 2. kandidat til Stortingsvalet 2021.[5] Breivik er 1. vara for Sveinung Rotevatn til Stortinget for perioden 2021–2025.[6]
Breivik har tidlegare sete som sentralstyremedlem i ungdomspartiet,[7] og i januar 2020 blei ho den yngste lokallagsleiaren i eit av Venstres største lokallag, Bergen Venstre, nokonsinne.[8] Ho studerer rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og har tidlegare gått på United World Colleges i Maastricht.