Anette Olsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. september 1956 (68 år) |
Yrke | gründer, forretningsdrivande |
Far | Fred. Olsen |
Anette Olsen på Commons |
Anette Sofie Olsen (fødd 24. september 1956) er ei norsk forretningskvinne, som er eineeigar av reiarlaget Fred. Olsen & Co.
Anette Sofie Olsen er dotter av skipsreiaren Fred. Olsen og Kristin Olsen, fødd Åsnes. Ho tilhøyrer slekta Olsen frå Hvitsten og er tippoldebarn av Petter Olsen (1821–1899), som grunnla det som etterkvart vart reiarlaget Fred. Olsen & Co.
Olsen er utdanna BA i Business Organization frå Heriot-Watt University i Edinburgh og MBA frå University of San Francisco.
Ho er i dag eineeigarav selskapet Fred. Olsen & Co. og er administrerande direktør i sjøfartskonserna Bonheur og Ganger Rolf. Ho er styreleiar i Fred Olsen Energy, First Olsen Ltd, Timex Corporation, Norges Handels og Sjøfartstidende og nestleiar i styret i Dagens Næringsliv, i tillegg til ei rekkje andre styrerollar. Ho er òg medlem av Rådet i Norges Rederiforbund og i Det Norske Veritas. Ho var nummer 30 på tidsskriftet Kapital si oversikt over Noregs hundre mektigaste kvinner i 2008.[1]