Antonio Sartorio (1630–30. desember 1680) var ein italiensk komponist som var aktiv hovudsakleg i Venezia i Italia og Hannover i Tyskland. Han var ein av dei fremste komponistane av opera i heimbyen Venezia på 1660- og 1670-talet, og var òg kjend for å komponera i andre sjangrar av vokalmusikk. Mellom 1665 og 1675 var han det meste av tida i Hannover, der han hadde rolla som Kapellmeister for hertug Johann Friedrich av Brunswick-Lüneburg. Han kom også ofte tilbake til Venezia for å skriva operaar til karnevalet. I 1676 blei han vise-maestro di capella ved San Marco i Venezia.
- Gl'amori infruttuosi di Pirro (1661)
- Seleuco (1666)
- L'Ermengarda regina de' longobardi
- L'Adelaide (1672)
- Alcina (1674-5) (libretto skriven av Pietro Dolfin for Sartorio, men aldri tonesett)
- Anacreonte tirano (1677)
- Ercole sul Termodonte (1678)
- Antonio e Pompeiano (1677)
- Elio Seiano (1667)
- La Flora (1680, ufullendt, fullført av Marc Antonio Ziani)
- Giulio Cesare in Egitto (1676)
- Massenzio (1673)
- L'Orfeo (1672)
- Denne artikkelen bygger på «Antonio Sartorio» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2024.
- Edward H. Tarr. "Sartorio [Sertorio], Antonio", Grove Dictionary of Music and Musicians (1980)
- Vassilis Vavoulis, ‘Antonio Sartorio (c.1630–1680): Documents and sources of a career in seventeenth-century Venetian opera’, Royal Musical Association Research Chronicle, 37 (2004), 1–70
- Vassilis Vavoulis, ‘Nel theatro di tutta l’Europa’: Venetian-Hanoverian patronage in 17th-century Europe (Lucca, 2010)
- Reinmar Emans, 'Zwischen Hannover und Venedig. Die Hannoveraner Hofkapelle unter Antonio Sartorio', in Musik und Vergnügen am Hohen Ufer. Fest- und Kulturtransfer zwischen Hannover und Venedig in der frühen Neuzeit, eds. S. Meine, N.K. Strohmann, and T.C. Weißmann (Regensburg, 2016), 275-290