Arkoúdi (gresk Αρκούδι) er ei øy i Dei joniske øyane i Hellas. Ho vert styrt av kommunen Itháki og ligg nord for denne øya og sør for Levkáda. Fram til omorganiseringa seint på 1900-talet var ho ein del av prefekturet Levkáda. Øya er ikkje busett.[1]
Dei næraste øyane er Levkáda i nord, Meganísi i nordaust, Itháki i søraust og Kefaloniá i sør.