Til saman teikna Korsmo rundt 50 villaer, fleire av dei er rekna som hovudverk i norsk funksjonalisme, mellom anna rekkjehus i Planetveien i Oslo, Villa Dammann og Villa Stenersen med fleire.
Han drog deretter på studiereise på kontinentet med støtte frå Henrichsens legat i åra 1928–1929 og henta inspirasjon og impulsar frå funksjonalismen, ei retning som han sjølv vart ein eksponent for.
Mellom 1929 og 1935 dreiv han arkitektkontor saman med arkitekt Sverre Aasland. I løpet av 20 år teikna Korsmo 50 villaer. Fleire av dei blir rekna mellom hovudverka i norsk funksjonalisme, mellom anna rekkehus i Planetveien, Villa Dammann og Villa Stenersen med fleire.
Han underviste på Statens håndverks- og kunstindustriskole (SHKS) i møbelklassen. Samstundes virka han som formgivar og brukskunstnar, ofte saman med den dåverande kona si, formgivaren Grete Prytz Kittelsen. Mange av møblane og bruksgjenstandane deira var langt føre si tid. Mellom dei viktigaste er:
Bestikket «Korsmo» i sølvplett, som vart laga for serieproduksjon i 1954.
Serveringsdelar, bestikk, fløytesett, kaffikanner, glas, serveringsbollar og fat som representerte eit brot med tradisjonen og var nyskapande i materialbruk, funksjonalitet og form.
Spesialteikna møblar for bruk i bestemte rom.
Korsmo var den mest internasjonalt orienterte arkitekten i Noreg [treng kjelde], med kontaktar til arkitektar i den internasjonale eliten som bl.a. Walter Gropius, Ludwig Mies van der Rohe og Frank Lloyd Wright. I 1950 vart han bede av Sigfried Giedion om å leie ei norsk gruppe av CIAM (Congrès International d'Architecture Moderne). Korsmo tok på seg oppdraget, og gruppa fekk namnet PAGON (Progressive Arkitekters Gruppe Oslo Norge). I 1944 trefte Korsmo den 18 år yngre danske arkitekten Jørn Utzon i Stockholm. Dette møtet vart etter krigen opptakten til eit periodisk samarbeid som varte frå 1947 til 1954.
Arne Korsmo er den einaste norske arkitekten som er blitt tildelt Grand Prix ved Triennalen i Milano (1954).[treng kjelde]
Frå 1956 var han professor ved arkitektavdelinga ved Noregs Tekniske Høgskole. Her var han fram til han døydde i 1968.
Korsmo var ein inspirerande personlegdom som øvde sterk innverknad på mange studentar som seinare vart tonegjevande innan arkitektur og møbeldesign, m.a. arkitekt Sverre Fehn og interiørarkitekt MNIL Adolf Relling.
1927 Villa på Høvik i Bærum på oppdrag frå kunstnaren Xan Krohn.
1929-30 Frøen bustadområde Lille Frøens vei 10-16, Apalveien 16-18, Oslo. 10 einebustader (med Sverre Aasland). Tildelt Sundts arkitekturpris.
1929-30 Eigen bustad, Lille Frøens vei 14, Oslo. Ominnreiing (rive).
1929 Einebustad, Heggelibakken 69, Vinderen, Oslo
1929-30 Butikkar, restaurant Bagatelle. Bygdøy Allé 3-7, Oslo (Med Sverre Aasland). Fasade og ominnreiing (rive).
1930 Bustadblokk. Pavels gate 6, Oslo (Med Sverre Aasland).
1930 Møblar utstilt Oslo 1931.
1930 Butikk for L. Benjamin, Drammensveien 6, Oslo. Ominnreiing (rive).
1930-32 Havna bustadområde, Havna Allé 1-6, 8-14. 13 einebustader, inklusive Villa Dammann. Tildelt Houens fonds diplom 1937 (12 av dei saman med Sverre Aasland, den siste saman med Knut Knutsen).