Artimus Pyle | |||
![]() Pyle i 2011 | |||
Fødd | 15. juli 1948 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Louisville, Kentucky i USA | ||
Fødenamn | Thomas Delmer Pyle | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1974 | ||
Sjanger | Southern rock | ||
Instrument | Trommer | ||
Tilknytte artistar | Lynyrd Skynyrd, Artimus Pyle Band | ||
Plateselskap | Cleopatra[1] | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Thomas Delmer «Artimus» Pyle (fødd 15. juli 1948) er ein USA-amerikansk musikar, mest kjend som trommeslagar i Lynyrd Skynyrd frå 1974 til 1977 og frå 1987 til 1991. Han og bandkollegaene hans i Lynyrd Skynyrd vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2006.[2][3]
Pyle kom me i Lynyrd Skynyrd i 1974 etter å ha ført spelt ved sida av, og så erstatta, den origniale trommeslagaren Bob Burns. Han overlevde flystyrten med flyet som førte heile bandet mellom to konsertar. Pyle vart hardt skadd, medan andre i bandet omkom. Bandet vart oppløyst etter styrten, og han byrja å spele i Rossington Collins Band med somme av dei tidlegare bandkollegaene, men Pyle måtte slutte etter han braut foten på 21 forskjellige stader etter ein kollisjon med ein fyllekøyrar. Pyle vart erstatta av Derek Hess..[4] I 1982 spelte Pyle med Artimus Pyle Band (A.P.B.).[5] I 1987 vart Lynyrd Skynyrd starta opp att og Pyle vart igjen ein del av bandet. Han slutta etter de første, nye innspelinga deira, Lynyrd Skynyrd 1991.