Asira al-Qibliya

’Asira al-Qibliya
عصيرة القبلية
kommune
Namneopphav: Den sørlege vanskelegheita[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Nablus guvernement
Koordinatar 32°10′44″N 35°12′53″E / 32.17889°N 35.21472°E / 32.17889; 35.21472
Areal 6,4 km²
Folketal 2 336  (2007)
Folketettleik 365 / km²
Kart
Asira al-Qibliya
32°10′44″N 35°12′53″E / 32.178888888889°N 35.214722222222°E / 32.178888888889; 35.214722222222
Kart som viser Asira al-Qibliya.
Kart som viser Asira al-Qibliya.
Kart som viser Asira al-Qibliya.
Wikimedia Commons: Asira al-Qibliya

’Asira al-Qibliya (arabisk skrift عصيرة القبلية) er ein palestinsk by i Nablus guvernement aust på Vestbreidda, 14 km sørvest for Nablus. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde byen eit folketal på 2 336 innbyggjarar i 2007.[2]

Asira al-Qibliya ligg på ein eldgammal stad i lågt lende. Tilhogde steinar er blitt brukte om att i husa i landsbyen og til å byggje jordbruksterrassar. Ein har òg funne cisterner hogde ut i berget, i tillegg til bysantinsk keramikk.[3]

Osmansk tid

[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som 'Asirah i Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 33 hushaldningar og seks ungkarar, alle muslimar. Innbyggjarane i landsbyen betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, og geiter og/eller bikubar.[4]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen (som han kalla A'sirah) i 1870, og estimerte at han hadde tre hundre innbyggjarar. Han skreiv vidare at medhafeh, eller gjestehuset, låg på den høgaste staden i landsbyen.[5] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) Asiret al Kibliyeh som ein mellomstor landsby i lågt lende, med ein brunn i søraust.[6]

Det britiske mandatet

[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde 'Asira al-Qebliyeh eit folketal på 282, alle muslimar,[7] og dette auka i folketeljinga i 1931 til 326, framleis alle muslimar, i 84 hus.[8]

I 1945 var folketalet 410, alle arabarar, med 6 437 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[9] Av dette var 345 mål var plantasjar og irrigert land, 2 963 vart nytta for korn,[10] medan 57 mål vart utbygd land.[11]

Etter 1948

[endre | endre wikiteksten]

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, kom Asira al-Qibliya under Jordan sitt styre. Etter seksdagarskrigen i 1967, har Asira al-Qibliya vore under israelsk okkupasjon.

  1. Palmer, 1881, s. 179
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.110.
  3. Dauphin, 1998, s. 802
  4. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 134.
  5. Guérin, 1875, s. 177-178
  6. Conder and Kitchener, SWP II, 1882, s. 162.
  7. Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak, s. 24
  8. Mills, 1932, s. 59.
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 59
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 105
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 155

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]