Atlantic Crossing Studioalbum av Rod Stewart | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. august 1975 | |
Innspelt | April–juni 1975 | |
Studio | A&R i New York City Criteria i Miami Wally Heider i Los Angeles Hi Recording og Muscle Shoals Sound i Alabama | |
Sjanger | Glamrock, poprock | |
Lengd | 44:27 | |
Selskap | Riva, Warner Bros. | |
Produsent | Tom Dowd | |
Rod Stewart-kronologi | ||
---|---|---|
Smiler (1974) |
Atlantic Crossing | A Night on the Town (1976)
|
Singlar frå Atlantic Crossing | ||
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Rolling Stone | (average)[2] |
Robert Christgau | B+[3] |
The Rolling Stone Album Guide | [4] |
Atlantic Crossing er det sjette albumet til Rod Stewart, gjeve ut i 1975. Det gjekk til topps på albumlista i Storbritannia og nådde niandeplassen på Billboard Top Pop Albums-lista.[5][6]
Tittelen indikerer den nye kommersielle og kunstnariske retninga til Stewart og refererte både til at han hadde kome over til Warner Brothers og at han rømde heimlandet for å unngå å betale 83 % skatt og byrja eit jetset-liv i Los Angeles (der han søkte om amerikansk borgarskap på den tida). Albumet vart delt mellom ei langsam og ei rask side, visstnok etter eit forslag frå den dåverande kjærasten hans, den svenske skodespelarinna Britt Ekland. Stewart gjorde det same på dei to neste albuma sine.
Albumet inneheld to av dei mest kjende songane til Stewart, «Sailing» og «I Don't Want To Talk About It».
Med Atlantic Crossing enda Stewart det musikalske samarbeidet med Ronnie Wood, Ian McLagan og ei rekkje av musikarane han hadde spelt med på albuma sine for Mercury Records, og blanda soul og folk. I staden brukte han ei gruppe studiomusikarar, inkludert The Memphis Horns og tre-fjerdedelar av Booker T. and the MG's. Albumet vart produsert av Tom Dowd, ein kjend lydteknikar og produsent som hadde produsert mange av heltane til Stewart i tida si i hos Atlantic Records. Den einaste songen som vart framført frå dette albumet på den siste turneen til Faces i USA i 1976 var «Three Time Loser», og resten av gruppa mislikte sterkt den nye musikalske retninga til Stewart på albumet. Etter suksessen til albumet flytta Stewart til USA og annonserte at han trekte seg frå Faces på slutten av året.
«Sailing» nådde toppen av den britiske singellista i september 1975 og gjekk igjen inn på topp tre på lista eitt år seinare då han vart nytta som kjenningsmelodien for BBC-serien Sailor. Både akustisk og elektrisk gitar vart spelt av Pete Carr.[7] I 1977, nesten to år etter albumet kom ut, fekk Stewart ein ny song frå albumet på toppen av lista med den doble A-sida «I Don't Want to Talk About It» og «The First Cut Is the Deepest» (frå albumet A Night on the Town - 1976).
I 2009 gav Rhino Records ut ein versjon av albumet på to plater med bonussongar.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Three Time Loser» | Rod Stewart | 4:03 |
2. | «Alright for an Hour» | Stewart, Jesse Ed Davis | 4:17 |
3. | «All in the Name of Rock 'N' Roll» | Stewart | 5:02 |
4. | «Drift Away» | Mentor Williams | 3:43 |
5. | «Stone Cold Sober» | Stewart, Steve Cropper | 4:12 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «I Don't Want to Talk About It» | Danny Whitten | 4:47 |
7. | «It's Not The Spotlight» | Barry Goldberg, Gerry Goffin | 4:21 |
8. | «This Old Heart of Mine» | Holland-Dozier-Holland | 4:04 |
9. | «Still Love You» | Stewart | 5:08 |
10. | «Sailing» | Gavin Sutherland | 4:37 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
11. | «Skye Boat Song (The Atlantic Crossing Drum & Pipe Band)» | Harold Boulton, Annie MacLeod | 4:13 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «To Love Somebody» (med Booker T. & The MG's) | Barry Gibb, Robin Gibb | 4:12 |
2. | «Holy Cow» (med Booker T. & The MG's) | Allen Toussaint | 3:16 |
3. | «Return to Sender» (med Booker T. & The MG's) | Otis Blackwell, Scott Winfield | 3:42 |
4. | «Three Time Loser» (alternativ versjon) | Stewart | 4:40 |
5. | «Alright for an Hour» (alternativ versjon) | Stewart, Davis | 4:36 |
6. | «All in the Name of Rock 'n' Roll» (alternativ versjon) | Stewart | 5:00 |
7. | «Drift Away» (alternativ versjon) | Williams | 3:58 |
8. | «Too Much Noise» (tidleg versjon av Stone Cold Sober) | Stewart, Cropper | 3:24 |
9. | «I Don't Want to Talk About It» (alternativ versjon) | Whitten | 4:56 |
10. | «It's Not the Spotlight» (alternativ versjon) | Goldberg, Goffin | 4:27 |
11. | «This Old Heart of Mine» (alternativ versjon med Booker T. & The MG's) | Holland-Holland, Moy | 3:54 |
12. | «Still Love You» (alternativ versjon) | Stewart | 4:57 |
13. | «Sailing» (alternativ versjon) | Sutherland | 4:39 |
14. | «Skye Boat Song (The Atlantic Crossing Drum & Pipe Band)» (alternativ versjon) | Boulton, MacLeod | 4:20 |
Strykearrangement av Arif Mardin og James Mitchell
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Tyskland (BVMI)[19] | Gull | 250 000^ |
Storbritannia (BPI)[20] | Platina | 300 000^ |
USA (RIAA)[21] | Gull | 500 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |