Auguste Durand | |||
Fødd | 18. juli 1830 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Paris | ||
Død | 31. mai 1909 (78 år) | ||
Dødsstad | Paris | ||
Opphav | Frankrike | ||
Instrument | orgel | ||
Verka som | komponist, organist, musikkritikar, musikkforlegger, forleggjar | ||
Born | Jacques Durand |
Marie-Auguste Massacrié-Durand (18. juli 1830–31. mai 1909) var ein fransk komponist, organist, musikkritikar og musikkforleggjar frå Paris.
Den fyrste delen av det vaksne livet sitt dreiv Durand for det meste med musikkritikk.[1] Durand og Louis Schönework inngjekk eit samarbeid, og kjøpte opp Flaxland musikkforlag i 1869. Seinare skifte forlaget namn til Durand et Schönewerk, som vart opphavet til Durand & Cie. Forlaget er verksamt enno, og har spesialisert seg i å trykkja franske komponistar som t.d. Saint-Säens, Rameau, Claude Debussy, Georges Bizet og Maurice Ravel.[2]
Durand arbeidde som organist i fleire kyrkjer i Paris i løpet av karrieren sin. Han komponerte mellom anna messer og verk for orgel, men også songar, til dømes Comme à vingt ans ("Som i ungdommens år").