Azraq våtmarksreservat | |||
verneområde | |||
Våtområda i Azraq.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 31°50′N 36°49′E / 31.833°N 36.817°E | ||
Areal | 12 km² [1] | ||
Grunnlagd | 1978 | ||
Styre | Royal Society for the Conservation of Nature | ||
![]() Azraq våtmarksreservat 31°49′45″N 36°50′19″E / 31.82909°N 36.83857°E | |||
Wikimedia Commons: Azraq Wetland Reserve |
Azraq våtmarksreservat er eit naturreservat nær byen Azraq i den austlege ørkenen i Jordan. Det er ein oase for trekkfuglar og vart grunnlagd i 1978 over eit areal på 12 km². Dei naturlege kjeldene tørka inn i 1991 og dei fleste trekkfuglane forsvann frå området. I dag vert det oppretthalde kunstige kjelder for at plassen framleis kan vere eit turistmål.
Våtmarkene vart skapt kring 250 000 år sidan[2] då geologiske endringar førte vatn opp til overflata. Azraq har sidan oldtida vore både langs kryssande menneskelege handelsruter og trekkfugleruter.[3] Millionar av kubikkmeter med ferskvatn trekte til seg kamelkaravanar[4] som førte krydder og urter mellom Arabia, Mesopotamia og Syria.[2] Millionar av trekkfuglar stoppa i Azraq mellom Afrika og Europa.[3] I 1960-åra byrja ein å pumpe vatnet for å forsyne den aukande folkesetnaden i Amman.[4] I 1978 oppretta Royal Society for the Conservation of Nature Azraq som eit våtmarksreservat.[5] Men i 1992 hadde kjeldene tørka inn,[4] og dei vassførande laga opphøyrde. Alle vassbøflane i Azraq døydde, og mange trekkfuglar stoppa ved Genesaretsjøen i staden for.[4]
Azraq-våtmarka har blitt skildra som ein «økologisk kollaps».[4] RSCN kjempar stadig ein kamp mot aukande folketal og det veksande behovet for vatn.[4] Kvart år vert det pumpa 10 millionar kubikkmeter vatn av det jordanske vassdepartementet for å oppretthalde Azraq, men det er berre nok til at Azraq er 10 % av den opphavlege storleiken.[6] I dag er det meir enn 500 ulovlege brunnar som framleis pumper vatn frå Azraq.[7] På berre 37 år har talet på trekkfuglar blitt redusert frå 347 000 i 1967 til 1200 fuglar i 2000.[8] Azraq forsyner kring ein fjerdedel av Amman med drikkevatn.[9] 25 kvadratkilometer som ein gong var dekt av våtmarker, har no tørka inn.[5]