Bah Oury | |||
| |||
Fødd | mars 1958 Pita | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Guinea | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Amadou Bah Oury (fødd i 1958) er ein guineansk politikar som frå 27. februar 2024 har vore statsminister i Guinea. Han blei utnemnd etter at Bernard Goumou måtte trekkje seg.[1] Oury blei, som også Bernard Goumou, innsett av president Mamady Doumbouya som tok makta i Guinea i eit militærkupp i september 2021, der den dåverande presidenten Alpha Condé blei avsett.[2]
Oury er fødd i Pita i Guinea i 1958, men flykta med familien til Senegal som seksåring. Han har utdanning i matematikk frå Frankrike.[3]