Balbina Bäbler | |||
| |||
Fødd | 7. mai 1967 Glarus | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Sveits | ||
Område | klassisk arkeologi | ||
Yrke | klassisk arkeolog, dosent, adjunkt | ||
Institusjonar | Universitetet i Göttingen | ||
Alma mater | Ludwig-Maximilians-Universität München Universitetet i Bern | ||
Ektefelle | Heinz-Günther Nesselrath | ||
Medlem | Mommsen-Gesellschaft |
Balbina Bäbler (fødd 7. mai 1967) er ein sveitsisk arkeolog frå Glarus som er spesialist på det nordlege Svartehavet.
Balbina Bäbler studerte ved universiteta i Bern og München. Ho gjekk ut i 1997 med avhandlinga Fleissige Thrakerinnen und wehrhafte Skythen Nichtgriechen im klassischen Athen und ihre archaologische Hinterlassenschaft.[1]
Bäbler er ein ekspert på arkeologisk kronologi og gravkultur, og Honorary Fellow ved Universitetet i Exeter. Ho har arbeidd ved Universitetet i Hamburg, Leibniz Universitet Hannover og ved Universitetet i Göttingen.
Ho har gjeve ut fleire bøker, og er forfattar av fleire artiklar i oppslagsverket Neue Pauly.[2]