Balfouria | |||
בַּלפוּרְיָה | |||
kibbutz | |||
Balfouria
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Kommune | Jezreeldalen | ||
Koordinatar | 32°37′48.72″N 35°17′46.68″E / 32.6302000°N 35.2963000°E | ||
Folketal | 312 (2006) | ||
Grunnlagd | 1922 | ||
• Grunnlagd av | American Zion Commonwealth | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
Balfouria 32°37′49″N 35°17′47″E / 32.6302°N 35.2963°E | |||
Kart som viser Balfouria.
| |||
Wikimedia Commons: Balfouria |
Balfouria (hebraisk בַּלפוּרְיָה) er ein moshav nord i Israel, sør for Nasaret. Han ligg nær Afula og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 312.
Dei første nybyggjarane samla seg i 1919 og byrja opplæring for å kunne starte eit jordbrukssamfunn. Det vart kjøpt eit landområde med hjelp av American Zion Commonwealth og Keren Hayesod skaffa utstyr. Moshaven vart grunnlagd i 1922, som den tredje i Palestina, og vart kalla opp etter Arthur Balfour, som skreiv Balfour-erklæringa, som var open for planane til sionistane om å danne ein jødisk «nasjonalheim». I følgje Jewish National Fund i 1949 var Balfouria den første landsbyen som vart grunnlagd i Palestina etter Balfour-erklæringa.[1]
Grunnleggjarane fekk med seg tidlegare kibbutz-medlemmar, og fleire frå Merhavia fellesbusetnad, i tillegg til mange nybyggjarar frå Petah Tikva. Husa og låvane vart betalte av the Commonwealth og var av betong med spontak, og nybyggjarane i Balfouria vart derfor kalla «millionærane». Lord Balfour vitja moshaven i 1925.
I 1939 vart landområdet til moshaven overført til Jewish National Fund. I 1934 var nybyggjarane ferdig med å grave ein ny brunn som gav betre vilkår for jordbruket i området.