Bama | |||
Land | Nigeria | ||
---|---|---|---|
Stat | Borno | ||
Folketal | 269 986 (folketeljing 2006) | ||
Tidssone | WAT (UTC+1) | ||
Bama i Nigeria 11°31′08″N 13°41′03″E / 11.5189°N 13.6842°E |
Bama er ein by og eit Local Government Area i Borno-staten nordaust i Nigeria. Området har rundt 270 000 innbyggjarar (2006) og dekkjer eit området på 4 997 km². Det ligg rundt 6 mil frå delstatshovudstaden Maiduguri.[1]
Bama tilhøyrde tradisjonelt Dikwa-emiratet, ein tradisjonell stat i Nigeria.[2] Shehuen eller emiren i emiratet hadde sete i Bama frå 1939.[3] Frå 2010 blei emiratet delt i to, det nye Dikwa-emiratet og Bama-emiratet. Bama blei sete for emiren i det sistnemnde.
Byen kom under åtak frå den militante islamistgruppa Boko Haram i mai 2013 og i februar 2014, då fleire døydde og emirpalasset blei brend ned.[4][5][6] Vegane blei stengde av militæret, og innbyggjarar måtte flykta gjennom villmark for å nå Dikwa eller Maiduguri.[7] 2. september 2014 blei det rapportert at Boko Haram hadde teke kontroll over Bama, og både sivile og militære hadde flykta.[8] Sjølv om hæren melde dei hadde teke Bama tilbake den 8. september,[9] fortalde mange lokale at militantane framleis hadde makta. I november 2014 var dei sivile som ikkje hadde kunna flykta frå byen framleis fanga av konflikten. [10]