Benny Powell | |||
Fødd | 1. mars 1930 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New Orleans | ||
Død | 26. juni 2010 (80 år) | ||
Dødsstad | New York by | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | trombone | ||
Verka som | musikkpedagog, jazzmusikar |
Benny Powell (1. mars 1930–26. juni 2010) var ein USA-amerikansk jazztrombonist. Han spelte både vanleg (tenor) trombone og basstrombone.[1][2]
Powll kom frå New Orleans og byrja å spele profesjonelt då han var 14 år gammal. 18 år gammal spelte han med Lionel Hampton. I 1951 slutta han i bandet til Hampton og byrja å spele med Count Basie, der han var fram til 1963. Powell speler trombonesolo på mellomspelet på innspelinga til Basie frå 1955 av «April in Paris».[3]
Etter Basie byrja han som frilansmusikar i New York City. Frå 1966 til 1970 var han medlem av Thad Jones-Mel Lewis Jazz Orchestra, og spelte mandagskveldar på Village Vanguard. Han var òg i husbandet til Merv Griffin Show, og då showet flytta til Los Angeles i 1970, følgde Powell etter. Her arbeidde han mykje som studiomusikar, mellom anna for Abdullah Ibrahim, John Carter og Randy Weston. Seinare arbeidde Powell som lærar, særleg i Jazzmobile-prosjektet. Han flytta attende til New York i 1980-åra.
Han døydde på eit sjukehus på Manhattan, 80 år gammal, etter ein ryggoperasjon.
Med Pepper Adams
Med Gene Ammons
Med Count Basie
Med Donald Byrd
Med Benny Carter
Med John Carter
Med Buck Clayton
Med Hank Crawford
Med Frank Foster
Med Al Grey
Med Eddie Harris
Med Jimmy Heath
Med Johnny Hodges
Med J.J. Johnson
Med Philly Joe Jones Dameronia
Med Clifford Jordan
Med Bobby Bland og B.B. King
Med Melba Liston
Med Herbie Mann
Med Les McCann
Med David Newman
Med Joe Newman
Med Chico O'Farrill
Med Moacir Santos
Med Frank Wess
Med Randy Weston
Med Gerald Wilson