Bernard Barmasai

Bernard Barmasai


Statsborgarskap Kenya
Fødd 6. mai 1974 (50 år)
Keiyo District
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2000

Bernard Barmasai (fødd 6. mai 1974) er ein kenyansk tidlegare hinderløpar. Han var verdsrekordhaldar i 3 000 meter hinder 1997-2001 med tida 7.55,72.

Barmasai sette verdsrekord i 3 000 m hinder då han 24. august 1997 i Köln sprang i mål på 7.55,72. Rekorden vart ståande til marokkanaren Brahim Boulami sletta den i 2001. Tida var elles kenyansk rekord i 14 år. Barmasai deltok i hinderløp i tre verdsmeisterskap og Sommar-OL 2000. I alle desse tevlingane kjempa han i toppen, men måtte sjå seg passert av sterkare spurtarar på sluttrunda. Han vart nummer tre i VM 1997, to tidels sekund bak vinnaren, nummer 5 i VM 1999, fjerdemann i OL 2000, 0,08 sekund unna bronsen, og bronsevinnar i VM 2001. I 2002-2003 sleit Barmasai med kneskadar. Han kutta då ut hinderløp og byrja springe maraton.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]