Bjørg Tørresdal | |||
| |||
Fødd | 24. september 1958 (66 år) Madla | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar | ||
Ektefelle | Inge Ryan | ||
Alle verv |
|
Bjørg Tørresdal (fødd 24. september 1958) er ein norsk politikar for KrF. Ho vart vald inn på Stortinget for Rogaland i 2001.
Tørresdal er fødd i Madla kommune og busett i Sandnes i Rogaland fylke. Ho tok examen artium ved engelsklinja på St. Svithun gymnas i 1977. Ved Stavanger lærarhøgskule utdanna ho seg til allmennlærar med spesialpedagogikk (1980) og tok grunnfag i engelsk (1981). Tørresdal var lærar ved Kristianslyst skole i Stavanger 1981–1988, rådgjevar ved same skole 1988–1991, undervisingsinspektør ved Øygard ungdomsskole i Sandnes 1991–1994 og rektor ved same skule 1994–2001.
Bjørg Tørresdal blei enkje med to små barn 30 år gammal. Ho gifta seg hausten 2005 med stortingskollegaen Inge Ryan frå Sosialistisk Venstreparti.[1] Hausten 2009 busette dei seg i Levanger i Nord-Trøndelag, då Ryan gjekk inn som fylkesmann.
Ved valet i 2009 stilte Tørresdal som førstekandidat for KrF i Nord-Trøndelag, men vart ikkje vald inn.
Etter åtte år som stortingspolitikar var Bjørg Tørresdal arbeidande styreleiar i Rock City Namsos 2009–2010, og pedagogisk leiar for grunnskolen i Levanger kommune frå 2010 til 2012. Ho var rektor og einingsleiar ved Frol oppvekstsenter i Levanger i 2012, og rektor for Frol og Nesset ungdomsskole fram til skolane blei lagt ned i 2015. Ho er no rektor på nye Levanger ungdomsskole. Ho har fleire styreverv, leiar for Omsetningsrådet for Landbruksvarer i Norg og nestleiar i NORD universitet sitt styre.