Bob Neuwirth | |||
Fødd | 20. juni 1939 (85 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Akron | ||
Dødsstad | Santa Monica | ||
Fødenamn | Robert Neuwirth | ||
Opphav | Akron i Ohio i USA | ||
Aktiv | Sidan 1960-åra | ||
Sjanger | folkrock | ||
Instrument | Vokal, gitar, banjo | ||
Tilknytte artistar | Bob Dylan Janis Joplin Kris Kristofferson | ||
Plateselskap | Asylum Gull Castle Watermelon Dreamsville | ||
Verka som | Singer-songwriter plateprodusent |
Bob Neuwirth (fødd 20. juni 1939) er ein USA-amerikansk visesongar, låtskrivar, plateprodusent og biletkunstnar.
Han var aktiv i visemiljøet i Cambridge i Massachusetts tidleg i 1960-åra og vart ven av Bob Dylan, og i lag deltok dei i D.A. Pennebaker-dokumentaren Dont Look Back. Den nedre delen av han er synleg på framsida av plateomslaget til Highway 61 Revisited. Neuwirth samla saman bandet som akkompagnerte Dylan i 1976 på Rolling Thunder Revue.[1] Med Janis Joplin og diktaren Michael McClure var han med å skrive songen «Mercedes Benz». Han introduserte òg Kris Kristofferson for Janis Joplin.