Bobby Irwin

Bobby Irwin (Robert Treherne)
Fødd23. mars 1953
FødestadHillingdon, Middlesex i England[1]
Død8. mai 2015 (62 år) (62 år)
DødsstadTwickenham i London i England[1]
FødenamnRobert William Irwin
Aktiv1970-åra til 2015
SjangerRock, pop, new wave
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarNick Lowe, Van Morrison, Roogalator, The Sinceros, The Balham Alligators
Verka somMusikar, trommeslagar, plateprodusent, låtskrivar

Bobby Irwin (23. mars 19538. mai 2015) var ein engelsk trommeslagar, plateprodusent og låtskrivar. Han er kjend for arbeidet sitt med Nick Lowe som med-låtskrivar og trommeslagaren, og som medlem av Lowe-bandet The Cowboy Outfit. I tillegg har han vore trommeslagar for Van Morrison.[1] Irwin var òg medlem av gruppene Roogalator, The Sinceros og The Balham Alligators.[2]

I tillegg til Nick Lowe og Van Morrison, har Irwin spelt trommer for og produsert mange andre artistar, som Bryan Ferry, John Hiatt, Lene Lovich, Paul Carrack, Carlene Carter, Billy Bremner, Geraint Watkins, Jim Lauderdale, Eleni Mandell, Norman Bergen, Tres Chicas og My Darling Clementine.

Irwin var òg kjend som Robert Trehern (eller Treherne).

Irwin døydde av kreft 8. mai 2015 i Twickenham.[1][3]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]