Byrdmaniax Studioalbum av The Byrds | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. juni 1971 | |
Innspelt | 2. juni til 6. oktober 1970, 9. januar til 26. januar og 1. til 6. mars 1971 Orkesteroverdubbbing: midten av mars til tidleg april 1971 | |
Studio | Columbia Studios i Hollywood | |
Sjanger | Rock, countryrock | |
Lengd | 34:06 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Terry Melcher, Chris Hinshaw | |
The Byrds-kronologi | ||
---|---|---|
(Untitled) (1970) |
Byrdmaniax | The Byrds' Greatest Hits Volume II (1971)
|
Singlar frå Byrdmaniax | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | B−[2] |
Entertainment Weekly | B+[3] |
Byrdmaniax er det tiande albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og kom ut i juni 1971 på Columbia Records.[4] Det kom ut på ei tid då dei førre albuma deira igjen hadde fått positiv kritikk og seld bra, Ballad of Easy Rider og (Untitled).[5][6] Albumet vart hovudsakleg spelt inn tidleg i 1971, medan bandet heldt på med ein omfattande konsertturne.[5][7] Bandet fekk derfor lita tid til å flikke på songane sine før dei spelte dei inn, så mange av songane på albumet er ikkje skikkeleg utvikla.[5] Byrdmaniax vart dårleg teke imot då det kom ut, særleg i USA.[5]
Albumet nådde likevel 46. plass på den amerikanske albumlista, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.[8][9] Songen «I Trust (Everything Is Gonna Work Out Alright)» vart gjeven ut som singel den 7. mai 1971 i Storbritannia, men gjekk ikkje inn på singellista.[4][9] Ein annan singel frå albumet, «Glory, Glory», vart gjeven ut 20. august 1971 og nådde 110. plass i USA.[10] Byrdmaniax er i dag det albumet av The Byrds som har vorte dårlegast motteke, hovudsakleg på grunn av upassande bruk av strykarar, blåsarar og gospelkor, som vart lagt på songane av produsent Terry Melcher og arrangør Paul Polena, visstnok utan løyve frå bandet.[1][5]
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Glory, Glory» (Arthur Reynolds) | 4:03 |
2. | «Pale Blue» (Roger McGuinn, Gene Parsons) | 2:22 |
3. | «I Trust» (Roger McGuinn) | 3:19 |
4. | «Tunnel of Love» (Skip Battin, Kim Fowley) | 4:59 |
5. | «Citizen Kane» (Skip Battin, Kim Fowley) | 2:36 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «I Wanna Grow Up to Be a Politician» (Roger McGuinn, Jacques Levy) | 2:03 |
7. | «Absolute Happiness» (Skip Battin, Kim Fowley) | 2:38 |
8. | «Green Apple Quick Step» (Gene Parsons, Clarence White) | 1:49 |
9. | «My Destiny» (Helen Carter) | 3:38 |
10. | «Kathleen's Song» (Roger McGuinn, Jacques Levy) | 2:40 |
11. | «Jamaica Say You Will» (Jackson Browne) | 3:27 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
12. | «Just Like a Woman» (Bob Dylan) | 3:56 |
13. | «Pale Blue» | 2:33 |
14. | «Think I'm Gonna Feel Better» (Gene Clark) | 6:04 |