Cape Egmont | |||
nes | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Cape Egmont 39°16′35″S 173°45′11″E / 39.276316°S 173.752953°E | |||
Wikimedia Commons: Cape Egmont |
Cape Egmont, mellom Northern og Southern Taranaki Bight, er det vestlegaste punktet i Taranaki, på vestkysten av Nordøya på New Zealand.[1] Det ligg nær vulkankjegla til Mount Taranaki/Mount Egmont.
Kappet blei kalla «Kaap Pieter Boreel» av den nederlandske oppdagaren Abel Tasman i 1642, men omdøypt til «Cape Egmont» av den britisske oppdagaren James Cook i 1769. Tasman såg ikkje sjølv Mount Taranaki, på grunn av dårleg sikt, men Cook såg det. Etter å ha kalla fjellet Mount Egmont gav han same namn til kappet like ved. Namnet kom frå jarlen av Egmont.
Cape Egmont Lighthouse blei opphavleg bygd på Mana Island nær Porirua, men blei flytt til Cape Egmont i 1877.