Cappelenprisen vert kvart år delt ut av forlaget Cappelen.
Cappelenprisen vart fyrste gong delt ut i samband med forlaget sitt 150-års jubileum i 1979, og fekk ny drakt med fleire klassar ved 175-års jubileet i 2004. Prisen vert tildet ein av forlaget sine forfattarar eller andre medarbeidarar for særleg verdfull innsats. Ein deler ut prisen etter innstilling frå forlaget sin administrasjon. Prisen har ikkje vore delt ut sidan 2006.