«Chains on You» Song av Athena Manoukian | ||
Land | Armenia | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 14. februar 2020 | |
Sjanger | R&B, hiphop | |
Lengd | 03:02 | |
Selskap | Utgjeven på eige merke | |
Komponist | Athena Manoukian | |
Tekstforfattar | Athena Manoukian | |
Låtskrivar(ar) | Athena Manoukian, DJ Paco |
---|
«Chains on You» (norsk 'lenkjer om deg') er ein popsong av den gresk-armenske songaren Athena Manoukian. Songen skulle ha vore det armenske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2] Manoukian har skrive songen saman med DJ Paco, og songen vart utgjeven for digital nedlasting 14. februar 2020.
«Chains on You» skulle ha representert Armenia i Eurovision Song Contest 2020, etter at Athena Manoukian vann den armenske songtevlinga Depi Evratesil 15. februar 2020. Vinnaren av denne tevlinga får representere Armenia i Eurovision Song Contest. «Chains on You» var favoritten hos både den internasjonale jurygruppa og den armenske jurygruppa, men songen vart berre nummer tre i telefonavrøystinga.[3][4]
I januar 2020 vart Armenia trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy torsdag 14. mai.[5] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[6] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.
Region | Dato | Format | Merke | Ref. |
---|---|---|---|---|
Diverse | 14. februar 2020 | Digital nedlasting, strøyming | Utgjeven på eige merke | [7] |