Crying Singel av Roy Orbison frå albumet Crying | ||
B-side |
«Candy Man» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 31. juli 1961 | |
Innspelt | 1961 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 2:46 | |
Selskap | Monument 447 | |
Komponist | Roy Orbison, Joe Melson | |
Tekstforfattar | Roy Orbison, Joe Melson | |
Låtskrivar(ar) | Roy Orbison, Joe Melson | |
Produsent | Fred Foster | |
Roy Orbison-kronologi | ||
«Running Scared» (1961) |
Crying | «Dream Baby (How Long Must I Dream)» (1962)
|
«Crying» er ein ballade skriven av Roy Orbison og Joe Melson og framført av Orbison.
Dave Marsh kallar songen ein «rock-bolero» med «strykarar, hamrande pauker, eit spøkjelsesaktig kor, lett klimprande gitar og eit hit av marimba».[1] Medverkande på den originale innspelinga til Orbison var dei faste studiomusikarane hans Bob Moore på bass, Floyd Cramer på piano, Buddy Harman på trommer og Boudleaux Bryant, Harold Bradley & Scotty Moore på gitar.
Allmusic skreiv om songen: «Ikkje under noko omstende må ein finne på å lytte til Roy Orbison sin 'Crying' om ein er sjølv eit snev deprimert. Sorga, angeren og den evige fordømminga til eit liv drukna i tårer som Orbison på levande vis tilbyr med vokalbravur som tar pusten frå ein, kan bli så overveldande at ein kan få seg til å gjere slutt på alt saman. For meir stabile typar er 'Crying' rett og slett ein vakker, men hjarteskjerande ballade som opnar med ein harmlaus rytme på tom-tommar og akustisk gitar, og byggjer seg gradvis opp med strykarar og ein stor dose melodramatisk intensitet til eit klimaks av aldeles rystande proporsjonar. Orbison bankar inn ein makelaus høg tone på slutten.»[2]
Songen vart gjeven ut som singel av Monument Records i juli 1961 og nådde førsteplassen på Cashbox-lista i USA den 7 . oktober 1961. Han nådde andreplassen på den rivaliserande Billboard Hot 100-lista. Trass i at han ikkje nådde toppen av lista, rangerte Billboard songen som den fjerde beste for 1961.[3]
I 1987 spelte Orbison inn songen på ny som ein duett med K.D. Lang som ein del av filmmusikken til Hiding Out. Dette samarbeidet gav dei ein Grammy-pris for beste country-samarabeid med vokal. Duetten vart ein mindre hitt i USA og nådde 42. plassen på Hot Country Singles-lista,[4] men vart ein langt større hit i Storbritannia i 1992, då han nådde 13. plassen på UK Singles Chart.
I 2002 fekk «Crying» plass i Grammy Hall of Fame Award. I 2004 rangerte Rolling Stone Magazine songen på 69. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. På den oppdaterte lista i 2010 hadde songen same plasseringa.
Liste (1961) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 2 |
UK Singles Chart | 23 |
Australia | 1 |
Canada | 3 |
70: «Walk On By» Dionne Warwick |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 69 «Crying» Roy Orbison |
68: «Tangled Up in Blue» Bob Dylan |