Dag-Eilev Fagermo | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. januar 1967 (57 år) Bærum kommune |
Idrett | fotball |
Dag-Eilev Fagermo (fødd 28. januar 1967) er ein norsk fotballtrenar. I 2020 blei han hovudtrenar for Vålerenga Fotball.[1]
Fagermo byrja trenerkarrieren for Skarphedin, før han gjekk til Pors Grenland i 2002. Han trente så Notodden FK i 2005, før han fekk jobben som hovudtrenar i Strømsgodset før 2006-sesongen. Etter å ha trent Strømsgodset i to sesongar, gjekk han til Odd Grenland frå desember 2007. Han trente Odd frå 2008-sesongen.
I 2014 leia Fagermo Odds Ballklubb til sin første seriemedalje på over 50 år. Same året første han også Odd til cupfinalen. I 2015 enda Odd på fjerdeplass i Tippeligaen, men spelte seg heilt til play-off i europaligakvalifiseringa. Der blei det tap for storlaget Borussia Dortmund. I 2016 leia Fagermo klubben til nok ein ny seriemedalje, denne gongen bronse.
I 2020 takka Fagermo ja til å bli trenar for Vålerenga.
Fagermo har òg vore varamedlem til kommunestyret i Sauherad kommune for Høyre.[2]