Daylight Again Studioalbum av Crosby, Stills & Nash | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. juni 1982 | |
Innspelt | 1980-1981 | |
Studio | Rudy Records Devonshire Sound og Sea West | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 39:50 | |
Selskap | Atlantic | |
Produsent | David Crosby, Stephen Stills, Graham Nash | |
Crosby, Stills & Nash-kronologi | ||
---|---|---|
Replay (1980) |
Daylight Again | Allies (1983)
|
Singlar frå Daylight Again | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
The Music Box | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Daylight Again er det sjuande albumet til Crosby, Stills & Nash, og det fjerde studioalbumet med originale songar. Det nådde åttandeplassen på Billboard 200-lista og vart det siste albumet deira til no som gjekk inn på topp 10. Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet, som alle gjekk inn på Billboard Hot 100: «Wasted on the Way» nådde niandeplassen, «Southern Cross» nådde 18. plassen og «Too Much Love to Hide» nådde 69. plassen. Albumet selde til platinaplate i USA med eit sal på 1,85 millionar eksemplar.[3]
Opphavet til albumet kom frå innspelingar som Stephen Stills og Graham Nash gjorde i 1980 og 1981 og albumet var opphavleg meint å bli eit Stills-Nash-prosjekt. Dei henta inn Art Garfunkel, Timothy B. Schmit og andre for å syngje vokalen som kunne ha passa for David Crosby. Sjefane i Atlantic Records var derimot ikkje interesserte i noko anna enn eit CSN-produkt frå nokon i gruppa, og heldt attende pengar, slik at Nash og Stills måtte betale for innspelingane sjølve.[4] Etter kvart gav dei etter og valde å invitere Crosby med seg i tolvte time.
Crosby henta med seg to songar til albumet, «Delta», der Stills og Nash pressa inn vokal innimellom vokalharmoniane til Crosby, som alt var spelt inn, og «Might As Well Have a Good Time», som vart spelt inn som ein CSN-song frå starten av.[5] Dei fleste innspelingane består av andre røyster i tillegg til hovudtrioen, som var første gongen på eit CSNY-album. Nytt for CSNY var òg dei mange låtskrivarane som deltok på albumet. Graham Nash skreiv den største hitten på albumet, «Wasted on the Way», som handla om då gruppa krangla og gjekk i kvar sin retning, i staden for å konsentrere seg om musikken sin. Songen «Daylight Again» utvikla seg ut frå gitarklimpring Stills hadde laga for ei teatersoge om Sørstatane under den amerikanske borgarkrigen, og glei over i «Find the Cost of Freedom», som hadde vore B-sida til «Ohio»-singelen i 1970.[6]
Albumet var det første bandet gav ut i musikkvideoalderen og det vart filma ein musikkvideo til «Southern Cross» med bandet og ein av favorittmetaforane deira, eit seglfartøy. Videoen vart ein del vist på MTV i 1982 og 1983, og var med på å heve salstala til albumet.
Albumet kom ut på CD ved tre høve: første gongen i 1980-åra, ommastra frå dei orignale masterlydbanda av Ocean View Digital og gjeve ut 20. september 1994 og til slutt ommastra med HDCD-prosessen og gjeve ut av Rhino Records den 24. januar 2006, med fire bonusspor.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Turn Your Back on Love» |
| 4:51 |
2. | «Wasted on the Way» | Graham Nash | 2:52 |
3. | «Southern Cross» |
| 4:41 |
4. | «Into the Darkness» | Graham Nash | 3:23 |
5. | «Delta» | David Crosby | 4:15 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Since I Met You» |
| 3:12 |
2. | «Too Much Love to Hide» |
| 3:58 |
3. | «Song for Susan» | Graham Nash | 3:08 |
4. | «You Are Alive» |
| 3:04 |
5. | «Might As Well Have a Good Time» | 4:28 | |
6. | «Daylight Again/Find the Cost Of Freedom» | Stephen Stills | 2:36 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Merknad | Lengd |
---|---|---|---|---|
12. | «Raise a Voice» |
| opphavleg gjeven ut på Allies | 2:34 |
13. | «Feel Your Love» |
| unytta opptak | 4:28 |
14. | «Tomorrow Is Another Day» | Stephen Stills | unytta opptak | 4:05 |
15. | «Might As Well Have a Good Time» |
| Crosby-demo | 4:15 |