Dead Letter Office Samlealbum av R.E.M. | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 27. april 1987 | |
Innspelt | 1981–1986 | |
Sjanger | Collegerock | |
Lengd | 43:22 / 63:55 | |
Selskap | I.R.S. Records | |
Produsent | Mitch Easter, Don Dixon, Joe Boyd, Don Gehman, R.E.M. | |
R.E.M.-kronologi | ||
---|---|---|
Lifes Rich Pageant (1986) |
Dead Letter Office | Document (1987)
|
Dead Letter Office er eit samlealbum med den amerikanske rockegruppa R.E.M. som vart gjeve ut i 1987. Albumet har med mange av tilleggsopptaka R.E.M. laga, frå før Murmur til Lifes Rich Pageant. Fleire av desse var songar som ikkje var komne med nokon stad eller som berre var utgjevne på B-sider på singlane deira. Mange av spora er også coverversjonar som gjev teikn om inspirasjonskjelder og musikksmak, mellom anna tre The Velvet Underground-songar, og songar av Pylon, Aerosmith og Roger Miller.
Opphavleg inneheldt albumet 15 spor på vinyl og kassett, men med CD-plata kom dei fem spora frå debut LP-en Chronic Town, slik at talet på spor kom opp i 20.
Alle tekstar og melodiar er ved Bill Berry, Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe, om ikkje anna er oppgjeve.
I 2006, relanserte EMI (som har rettane til musikkutgjevingane til R.E.M. på I.R.S. Records) Dead Letter Office på nytt med tilleggsspora: