«Divlji vjetre» Song av Damir Kedžo | ||
Land | Kroatia | |
Språk | Kroatisk | |
Utgjeve | 1. mars 2020 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 03:00 | |
Selskap | Croatia Records | |
Låtskrivar(ar) | Ante Pecotić | |
---|---|---|
Produsent | Bojan Šalamon og Matija Rodić |
«Divlji vjetre» (norsk 'vill vind') er ein song frå 2020 som vert framført av den kroatiske songaren Damir Kedžo. Songen er skriven av Ante Pecotić og vart fyrste gong framført 29. februar 2020 under songtevlinga Dora. Songen vart utgjeven for strøyming og nedlasting 1. mars 2020 av Croatia Records.[1] «Divlji vjetre» skulle ha vore det kroatiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[2]
«Divlji vjetre» var eit av 16 bidrag som kringkastaren HRT plukka ut til å delta i Dora 2020, den kroatiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2020.[3] Ante Pecotić komponerte låten spesielt for den kroatiske popsongaren Damir Kedžo.[4] «Divlji vjetre» vart fyrste gong framført offentleg under Dora 2020 laurdag 29. februar 2020. Dagen etter vart songen tilgjengeleg for strøyming og nedlasting.[5]
Under Dora 2020 vann «Divlji vjetre» telefonavrøystinga og vart nummer to hos juryane, og vann tevlinga samanlagt. Med sigeren vart «Divlji vjetre» det kroatiske bidraget til Eurovision Song Contest 2020.[6] Kroatia skulle ha delteke i den fyrste semifinalen tysdag 12. mai 2020.[7] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlysa Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgende sjukdomen covid-19.[8]
Region | Dato | Format | Merke | Ref. |
---|---|---|---|---|
Diverse | 1. mars 2020 | Digital nedlasting, strøyming | Croatia Records | [9] |