«Dream», stundom kalla «Dream (When You're Feeling Blue)», er ein jazz- og popstandard med tekst og musikk skriven av Johnny Mercer i 1944. Han vart opphavleg skriven som ein kjenningsmelodi for radioprogrammet hans.[1] Songen er spelt av mange artistar, med dei mest populære versjonane spelt inn av The Pied Pipers, Frank Sinatra og Roy Orbison.
For Capitol Records spelte The Pied Pipers, med songaren June Hutton, ein versjon av «Dream»[2]) som vart ein stor hit i 1945. Vokalgruppa The Skylines, i lag med orkesteret til Ray Anthony, henta fram att balladen i 1955 for Fred Astaire–Leslie Caron-musikalfilmen Daddy Long Legs.
Andy Williams gav ut ein versjon i 1964 på albumet The Wonderful World of Andy Williams.
I 1970 song ein vokalkvartett med songaren Sue Allen (som song med The Pied Pipers i 1950-åra) songen med same arrangement som hitversjonen frå 1945. Den 22. oktober 2008 vart denne versjonen nytta i ein teaser for 2K Games-spelet BioShock 2: Sea of Dreams.
«Dream» vart òg spelt inn 14. april 1958 av Betty Johnson[3][4] i ein versjon som låg sju veker på singellista i USA: 19. plassen på Billboard-lista for mest spelte songar på radio, og 58. plassen på Billboard top 100-lista. Roy Orbison spelte inn ein versjon for det kritikarroste albumet In Dreams. I nyare tid har Orbison-verjsonen blitt nytta i filmen You've Got Mail frå 1998.
Ein svulstig versjon med orkestrering og arrangement av Nelson Riddle finst på albumet Ella Fitzgerald Sings the Johnny Mercer Songbook frå 1964.
Andre kjende versjonar er mellom anna ein bestseljande singel av Frank Sinatra på Columbia Records (med Axel Stordahl Orchestra og the Ken Lane Singers[5], som låg sju veker på singellista og nådde femteplassen i 1945. Andre versjonar vart spelt inn av Etta James i 1961, Ringo Starr i 1970 på Sentimental Journey,[6] og Michael Bublé i 2007.