Eamonn Coghlan | |
![]() | |
Statsborgarskap | Irland |
Fødd | 21. november 1952 (72 år) Drimnagh |
Yrke | politikar, langdistanseløpar, mellomdistanseløpar |
Høgd | 177 centimeter |
Politisk parti | Fine Gael |
Eamonn Christopher Coghlan (fødd 24. november 1952) er ein irsk politikar og tidlegare friidrettsutøvar frå Dublin Coghland vart verdsmeister på 5000 meter ved friidretts-VM 1983 i Helsinki. Han var medlem av det irske senatet, Seanad Éireann, frå 2011 til 2016.[1]
Coghlan meisterskapsdebuterte internasjonalt med fjerdeplass på 1500 meter under Sommar-OL 1976 i Montreal. To år seinare vann han sølvmedaljen på same distansen under EM 1978 i Praha. Han sette då personleg rekord med 3.36,5 og var i mål sekundet bak briten Steve Ovett. Coghlan studerte og tevla mykje i USA, der han gjorde mange av sine aller beste løp å den engelske mila, og ofte innandørs.
Frå 1980 valde Coghlan å delta på 5 000 meter i dei store internasjonale meisterskapane. I Sommar-OL i Moskva var han med i medaljekampen heilt inn til målstreken, men enda på fjerdeplassen, knapt to sekundar bak vinnaren. Den 19. august 1981 sette han personleg rekord på 5 000 m med 13.19,1 i storstemnet i Zürich.
Coghlan vart i 1983 verdsmeister på 5 000 meter i Helsinki, etter ei fabelaktig sterk avslutning var han nesten to sekundar føre dei andre medaljevinnarane i mål. Han heldt fram å delta i ulike tevlingar i mange år, trass i at han tidvis var plaga med skadar.
Eamonn Coghlan vart utnemnd til senator av den irske statsministeren Enda Kenny i mai 2011.[2][3] Han sat utan partitilknytting fram til 7. februar 2012, då han blei med i Fine Gael.[4] Ved suppleringsvalet til underkammeret Dáil Éireann i Dublin West i 2014 stilte han til val for Fine Gael, men blei slått ut til fordel for Ruth Coppinger frå Sosialistpartiet.[5][6] Coghlan var senator fram til 2016.[1]