Egge kyrkje

Egge kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Steinkjer
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Stiklestad
Sokn Egge
Fellesråd Steinkjer
Lengd 15,5 m lang, 11,3 m breid m
Type langkyrkje
Arkitekt Rasmus Mentsen Overrein
Material tre
Innvigd 1870
 •  Endringar utvida 1903,
påbygd dåpssakresti 1932, ombygging/restaurering
Tårn om lag 30 m høgt
Kyrkjegard ved kyrkja
Preikestol 1870
Døypefont 1870
Altartavle 1771, restaurert og delvis overmåla 1903 ved Einar Øfsti
Sitjeplassar 484
Kart
Egge kyrkje
64°01′24″N 11°28′29″E / 64.0232°N 11.4747°E / 64.0232; 11.4747
Wikimedia Commons: Egge kirke

Egge kyrkje er ei langkyrkje frå 1870 i Steinkjer kommune i Trøndelag fylke.[1] Kyrkja ligg på Egge i Steinkjer by.

Egge kyrkje is located in Nord-Trøndelag
Plasseringa til Egge kyrkje
Egge kyrkje fotografert i 1927.

Tidlegare kyrkjer på Egge

[endre | endre wikiteksten]

Fyrste gong ein finn kyrkja på Egge nemnd i kjeldene er i 1588. Utfrå det ein kan lese av dokumenta etter ein inspeksjon i 1661 var dette truleg ei stavkyrkje, og det er truleg at ho har vore bygd som høgendekyrkje for hovdingen på storgarden Egge. I 1676 vart det bygd ny kyrkje ved at den gamle vart påbygd slik at det vart ei krosskyrkje. Denne andre Eggekyrkja stod til 18. august 1765 då lynet slo ned og ho brann ned til grunnen. Den tredje kyrkja stod ferdig på Egge i 1767, og vart ståande til 1870 då ho vart riven og den noverande kyrkja vart bygd. Kyrkja slik ho står i dag er i empirestil.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]