Einat | |||
kibbutz | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Drom HaSharon | ||
Koordinatar | 32°4′56.63″N 34°56′21.11″E / 32.0823972°N 34.9391972°E | ||
Areal | 4 km² | ||
Folketal | 786 (2015) | ||
Grunnlagd | 1952 | ||
• Grunnlagd av | Medlemmar av Givat HaShlosha og Ramat HaKovesh | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Einat 32°04′57″N 34°56′21″E / 32.082397222222°N 34.939197222222°E | |||
Kart som viser Einat.
| |||
Wikimedia Commons: Einat | |||
Nettstad: www.einat.org.il |
Einat (hebraisk skrift עֵינַת) er ein kibbutz sentralt i Israel. Han ligg nær Petah Tikva og sør for Rosh HaAyin og høyrer til Drom HaSharon regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 612.
Kibbutzen vart grunnlagd i 1952 av innbyggjarar frå Givat HaShlosha og Ramat HaKovesh, som drog frå Hakibbutz HaMeuhad etter eit ideologisk skilje. Namnet kjem frå nærleiken til kjelda («ein») til Yarkonelva.
Kibbutzen er no privatisert og mange tidlegare innbyggjarar har flytta attende.[1] Kibbutzen driv eit festlokale [2] og ein sekulær gravplass.[3] Dette er den første sekulære gravplassen i Israel og byrja å ta i mot døde i 1991.[4]