Emilie Nicolas | |||
![]() | |||
Fødd | 26. november 1987 (37 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bekkestua | ||
Fødenamn | Emilie Nicolas Kongshavn | ||
Opphav | Noreg, Frankrike | ||
Aktiv | 2013– | ||
Sjanger | elektronisk musikk | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Warner Music Norway | ||
Verka som | songar, låtskrivar, programleiar, skodespelar | ||
Sambuar med | Herbert Nordrum | ||
Prisar | Spellemannprisen for årets popsolist, Spellemannprisen for årets nykommer, Spellemannprisen for årets album, Spellemannprisen for årets popartist |
Emilie Nicolas Konghamn (fødd 26. november 1987), kjend under artistnamnet Emilie Nicolas, er ein norsk elektronikamusikar. Ho er kjend for sin jazz-inspirerte vokal i møte med elektronika.
Konghavn vaks opp på Bekkestua i Bærum med fransk far og norsk mor.[1] Ho byrja å skriva låtar som ung etter at ho fekk ein gitar av ein onkel.[2][3] Dei musikalske preferansane hennar vart utvida og utvikla gjennom mykje musikkeksponering på skulen. Konghavn har framheva bossa nova som ein musikalsk favorittsjanger.[4] Ho gjekk på musikklinja ved Rud videregående skole i Bærum, og var skodespelar i Rudrevyen. Sidan fortsette ho med musikk ved Toneheim folkehøgskole.[5] I 2010 byrja Kongshavn på jazzlinja ved NTNU[6], med vokal som hovudinstrument.[7] I løpet av studiet hospiterte ho òg i utøvande jazzsong på Norges musikkhøgskole. Det var gjennom løpet på NTNU ho møtte trommis og noverande bandmedlem Eivind Helgerød. Kort tid etter byrja Konghavn og Helgerød eit musikalsk samarbeid med Nicolay Tangen Svennæs og Anders Opdahl, noko som til slutt kom til å danne grunnlaget for debutalbumet til Nicolas, Like I'm A Warrior. Saman med Hanna Paulsberg og Ellen Andrea Wang starta ho i 2013 jazztrioen GURLS, men slutta i trioen etter eit par år for å prioritere solokarrieren.[8]
I høve Pstereofestivalen i Trondheim sommaren 2013 fekk Nicolas eit bestillingsoppdrag. Ho vart spurd om å lage sin versjon av DumDum Boys-låten «Pstereo», som i utgangspunktet berre skulle vere eit stunt for festivalen. Kort tid etter vart «Pstereo» A-lista på P3. 4. oktober same år skreiv ho kontrakt med Sony Music, og gav ut sin versjon av «Pstereo» på plateselskapet.[9][10] For låten vart ho nominert til P3 Gull 2013 i klassa årets låt og i tillegg i klassa årets nykommar.
Den 22. september 2014 slapp Nicolas debutalbumet Like I'm a Warrior.[11] Albumet vart godt motteke av norsk musikkpresse.[11] Natt&Dag roste albumet, og Aftenposten kåra det til eit av dei ti beste albuma i 2014.[12][13] For albumet vann ho to prisar under Spellemannprisen 2014; klassa årets nykommar med det tilhøyrande Gramostipendet på 250 000 kroner og klassa popsolist.[14][15] Ho vart i tillegg nominert til Nordic Music Prize 2014 for albumet og P3 Gull 2014 i klassa årets liveartist.
20. januar 2017 gav Nicolas ut singelen «Sky» som del av eit bestillingsverk frå NRK for serien Stemmene i hodet.[16]. I 2018 gav ho ut oppfølgjaralbumet Tranquille Emile. For albumet vann ho Spellemannprisen 2018 i klassene årets album og popartist.[17] I tillegg vart både Kåre Christoffer Vestrheim og Aksel Carlson nominert i produsentklassa, blant anna for utgjevingane til Nicolas.[18]
5. juni 2020 gav ho ut sitt tredje studioalbum Let Her Breathe, som debuterte med ein fyrsteplass på Topplista.[19] Nicolas vart tildelt Bendiksenprisen for 2020 med eit prisbeløp på 100 000 kroner og vart nominert til Spellemannprisen 2020 i klassa pop for albumet.[20][21]
Nicolas har vore aktiv sidan debutalbumet i 2014, med framsyningar på blant anna på Øyafestivalen og by:Larm.[22]
Nicolas har òg ei birolle i humorserien Hvite gutter som kjærasten til Herman.
Studioalbum:
Singlar: