Erlend Wiborg | |||
![]() Erlend Wiborg Foto: Bård Gudim/FrPMedia | |||
Fødd | 20. januar 1984 (41 år) Sarpsborg kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Kirkeparken videregående skole | ||
Alle verv |
|
Erlend Wiborg (fødd 20. januar 1984) er ein norsk politikar for (Frp). I 2013-2017 er han ein av partiet sine to stortingsrepresentantar frå Østfold. I 2005-2009 var han 2. vara, og 1. vararepresentant i 2009-2013. Han hadde difor ein del ansiennitet ved byrjinga av Stortingsperioden 2013-2017. Wiborg er medlem av arbeids- og sosialkomitéen.[1]
Før han vart innvald, var Wiborg varaordførar i Moss og gruppeleiar på fylkestinget i Østfold. Han blei innvald i bystyret og fylkestinget i 2003 og gjenvald både i 2007 og 2011. Frå 2007 har han også vore Frp sin gruppeleiar i både bystyret og fylkestinget, samt politisk nestformann i Østfold Framstegsparti. Han var ordførarkandidat for Frp i Moss ved vala i 2007 og 2011. Han har tidlegare hatt ei rekkje ungdomspolitiske verv, bl.a. som formann i Østfold FpU (2002–2006) og sentralstyremedlem i FpU (2004–2006).
Erlend Wiborg, som då gjekk siste året på vidaregåande, blei rikskjend då han blei skulda for å ha halde opp ein plakat med eit bilete av eit esel då ein blind ungdomspolitikar frå Sp talte på ein skuledebatt under skulevalet på Greåker vgs i 2003. Saka blei slått stort opp i riksmedia (Aftenposten, VG og NRK) under valkampen i 2003.[2] Wiborg avviste påstanden, men vedgjekk at han hadde med ein plakat for å «biletleggjera» nokre av synspunkta sine. Han skal ifølgje media også hevda å ha halde opp plakaten medan andre hadde ordet, og at han forsøkte å vera morosam. Senterpartileiar Åslaug Haga gjekk ut og bad om offisiell orsaking frå formannen i Frp, Carl I. Hagen.[3][4] Ved same høve skal Wiborg ifølgje NRK og Nettavisen ha sagt at dei fleste innvandrarar er kriminelle på ein eller annan måte, noko som skal ha ført til at innvandrarelevar i salen blei lei seg. Wiborg sjølv ville ikkje kommentera dette. [5][6]