Erling Viksjø | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. juli 1910 Trondheim |
Død |
2. desember 1971 (61 år) |
Yrke | arkitekt |
Erling Viksjø på Commons |
Erling Viksjø (4. juli 1910–2. desember 1971) var ein norsk arkitekt kjend for ei rekkje monumentalbygg, særleg i Oslo. Viksjø vert rekna som ein av dei fremste arkitektane innan norsk modernisme,[1] og var med på å prega norsk arkitektur etter den andre verdskrigen. Høgblokka i regjeringskvartalet vert rekna som eit av dei viktigaste byggverka hans. Det er likevel delte meiningar om arkitekturen hans, og delar av produksjonen hans er omstridd.[2]
Viksjø studerte arkitektur ved Noregs tekniske høgskule fram til 1935. Han fór så til Oslo der han byrja hjå arkitekt Ove Bang; eit arkitektkontor som opererte med ein radikal arkitekturpolitisk tenking og var blant dei fremste i Noreg innan funksjonalismen. Viksjø var ein overtydd tilhengjar av denne retninga.[3] Han tok del i arkitektkonkurransen om ein ny regjeringsbygning i 1939 med prosjektet «Vestibyle», dominert av ei høgblokk på 12 etasjar. Han vart kåra til ein av fire vinnarar, men prosjektet vart skrinlagt som fylgje av den andre verdskrigen. Etter krigen sette staten ned ein komité til å kjosa kva for eit av dei fire utkasta som skulle realiserast, derav Viksjø fekk oppdraget.[4]
Under andre verdskrigen leidde han arkitektkontoret Bang etter at Ove Bang døydde i 1942.[5] Frå 20. april 1944 og resten av krigen sat Viksjø på Grini. Etter krigen byrja han sitt eige arkitektkontor, og vinnarutkastet til regjeringsbygningen vart det fyrste store oppdraget hans. Det vart justert fleire gongar, blant anna for di det verneverdige Empirekvartalet tok opp det meste av tomta. Etter ein langvarig og oppheita vernedebatt vart ei redusert høgblokk oppført i åra 1955–1958, og den gamle busetnaden riven.[4] «Y-blokka» nord for høgblokka på eit «lokk» over Arne Garborgs plass var ein del av utbyggingsplanen til Viksjø, men vart ikkje oppført før i 1969–1970.[6]
Erling Viksjø var påverka av den sveitsiske arkitekten Le Corbusier, noko som særleg kom til uttrykk i høgblokka i regjeringsbygningen. Høgblokka vart løfta opp på søyler eller «pilotis», og vart såleis delvis «frigjord» frå bakken. Eit sannsynleg førebilete var Utdanningsdepartementet i Rio de Janeiro frå 1947 av Le Corbusier i samarbeid med blant anna Oscar Niemeyer.[7] Takløysinga med skulpturelt utforma oppbygg for statsrådssal og tekniske installasjonar har referanse til Villa Savoye og Unité d'Habitation i Marseille teikna av Le Corbusier.[8]
Sidan innverknaden frå Le Corbusier er så tydeleg – særleg åsta for betong som byggjemateriale og byggjestil – vert Viksjø og byggverka hans stundom omtala som bygd i brutalistisk tradisjon. Retninga var rett nok dyrka av Le Corbusier, og ho fekk i 1950-åra namn av arkitektar som ovundra bruken av rå betong – béton brut. Betongoverflatene i prosjekta til Viksjø var derimot aldri «rå». Alle overflatene var av naturbetong som var foredla ved overflatebehandling. Karakteriseringa av Viksjø som de facto brutalistisk arkitekt er difor noko upresis.[7]
I samarbeid med ingeniøren Sverre Jystad utvikla dei naturbetong – som vart patentert i 1955.[9][10] Teknikken innebar tilslag av rundslipt elvegrus som vart sandblåst for å gjeva betongoverflata eit grovare uttrykk.[11] Han vart fyrste gong brukt i regjeringsbygningen i alle synlege overflater, og vart utnytta som kunstnarisk uttrykksmiddel i gavlane, i vestibylen og på veggane i trappegangane.[12] Her samarbeidde Viksjø med ei rekkje kjende kunstnarar, og igjennom Carl Nesjar kom òg Pablo Picasso til å levera teikningar til sandblåsen dekor både i høgblokka og Y-blokka.[7]
Naturbetong vart òg brukt i Bergen rådhus, Lillehammer kunstmuseum (seinare kombinert med påbygg av Snøhetta) og hovudkontoret til Yara, tidlegare Norsk Hydro.