Erna Schøyen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. mars 1887 Kabelvåg |
Død |
21. desember 1968 (81 år) |
Yrke | skodespelar |
Ektefelle | Thor Hiorth Schøyen |
Erna Schøyen på Commons |
Erna Kamilla Schøyen (fødd Erna Kamille Berg, 1. mars 1887–21. desember 1968) var ein norsk skodespelar med ei utstrekt verksemd både på teaterscene og i film. På teateret hadde ho òg songroller.
Fødenamnet hennar var Erna Kamille Berg. Ho voks opp i Kabelvåg som dotter av bokhandlaren Ørger Johannes Berg (f. 1860) og Kamilla Benjaminsen (f. 1865).[1] Ho gifta seg 19. juni 1910 med zoologen Thor Hiorth Schøyen (1885–1961).[2] Dei fekk dottera Vivi Schøyen, som var var skodespelar og mor til kulturjournalisten Hege Duckert.
Erna Berg var skodespelarelev ved Nationaltheatret 1905-06 og fekk debuten sin ved Fahlstrøms teater den 1. september 1906, i rolla som Suzet i stykket Vor Ven Fritz. Om prestasjonen hennar den fyrste kvelden skreiv Morgenbladet blant anna: «En indtagende Suzet var Frøken Erna Bergs. Hun tog ved sit Ydre og ved sitt naturlige Spil rettelig den største Del af Aftenensn Sukces.»
Ho vart verande ved Fahlstrøms teater til det blei lagt ned i 1911. I avskjedsførestillinga den 30. august 1911 spelte ho Dina Dorf i Samfundets Støtter. Deretter vart ho tilsett ved Centralteatret, der ho arbeidde til 1959. Ho var ved Chat Noir i åra 1920–1924.
Erna Schøyen medverka òg i eit titals filmar, blant anna nokon av dei fyrste stumfilmane. I 1917 hadde ho hovudrolla i den danske Under Kjærlighedens Aag, og i norske avisannonsar for denne filmen vart ho marknadsført som trekkplaster. Då Alice i Eventyrland vart den første Disney-filmen med norsk tale i 1950, var ho ein av dei norske stemmeskodespelarane. Som nordlending brukte ho barndomsdialekten sin barndom då ho spelte bestemora til pensjonatskuleeleven Bodø i ein Stompa-film. Schøyen var aktiv som skodespelar til ho var nærare 80 år gammal.
Schøyen bidrog i òg NRK sine litteraturopplesingsprogram på radio.