Eva Korpela | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 31. oktober 1958 (66 år) Sverige |
Idrett | skiskyting |
Eva Korpela (fødd 31. oktober 1958), fødd Eva Lundgren, er ein svensk tidlegare skiskyttar som vann verdscupen i skiskyting 1986 og og gjentok prestasjonen i 1987-sesongen. Ho vart verdsmeister på 10 km under VM i skiskyting 1986 i Falun og tok i alt sju VM-medaljar (1-3-3) i åra 1985 til 1988. Korpela var medlem av Sollefteå SK.
Korpela enda på andreplass i verdscupen i skiskyting 1985, einast norske Sanna Grønlid plukka fleire poeng. Same sesongen tok ho bronsemedaljen i 10 km under VM i skiskyting i sveitsiske Egg. Året etter tok ho gullet i same øvinga under VM 1986 på heimebane i Falun, der ho også vann sølv i 3 x 5 km stafett og bronse på 5 km. Gjennom både 1986-sesongen og den etterfylgjande sesongen gjekk ho til topps i verdscupen i skiskyting, framom høvesvis Sanna Grønlid i 1986 og Anne Elvebakk i 1987. I 1987 gjekk ho Sverige inn til sølv i VM-stafetten, året etter vart det i Chamonix VM-bronse på dei same tre svenske stafettkvinnene; Korpela, Inger Björkbom og Mia Stadig. På 5 km tok Korpela sølvmedaljen i Chamonix.