Even Hovdhaugen | |||
Fødd | 21. juni 1941 | ||
---|---|---|---|
Død | 16. oktober 2018 Bærum kommune | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | språkvitskap | ||
Yrke | lingvist, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Københavns Universitet | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Even Hovdhaugen (21. juni 1941–16. oktober 2018), var ein norsk språkforskar, professor i lingvistikk ved Universitetet i Oslo, son til stortingsrepresentanten Einar Hovdhaugen.
Even Hovdhaugen fekk magistergraden i 1966 basert på eit arbeid om eit emne ved vokalismen i armensk og gresk i lys av laryngalteorien. Han var tidleg i karrieren influert av chomskyansk lingvistikk, og skreiv ei innføring i generativ grammatikk (Hovdhaugen 1969). Han gjorde også feltarbeid innanfor tyrkiske språk, til dømes tsjuvasjisk.
Med bakgrunnen sin innanfor komparativ språkforsking, og kjennskap til den latinske grammatiske tradisjonen, hadde Hovdhaugen eit godt utgangspunkt for faghistorisk arbeid. Her publiserte han særleg om eldre faghistorie, og han var òg med på storverket om lingvistikkens historie i Norden frå 2000. Elles var han også oppteken av arbeida til den talmessig kanskje største undergruppa av lingvistar, nemleg misjonærane.
Sidan starten på 1980-talet arbeidde Hovdhaugen som feltlingvist. Han skreiv deskriptive grammatikkar over fleire austronesiske språk, mellom anna tokelauisk, samoansk og pileni.
Hovdhaugen var formann i Instituttet for sammenlignende kulturforskning frå 1986 til 1991.